Zeshan Shakar: Tante Ulrikkes vei

Ære og avmakt: Debutant Zeshan Shakar skriv seg inn i toppskiktet av norske debutantar med truverdige stemmer frå drabantbyen.

Medan vi enno berre snusar på det nye året, held oppsummeringa av det førre fram. Og ein roman det er verd å merkje seg frå 2017, er Zeshan Shakars Tante Ulrikkes vei. Her har vi ikkje berre ein sterk debutroman, men også kanskje den store, norske innvandrarromanen som med jamne mellomrom har vore etterlyst. Rett nok gav norsk-pakistanske Khalid Hussain alt i 1986 ut romanen Pakkis, som har vore mykje omtala og brukt i skuleverket. I 2015 gjorde Maria Navarro Skaranger lukke med nyskapande bruk av kebabnorsk i Alle utlendinger har lukka gardiner, og før jul eg skreiv eg om Marjam Idriss, som skreiv godt om ein einsleg asylsøkjar i Jannikeevangeliet.

Overtydande
Shakar er likevel den som best lever opp til forventingane termen «den store, norske innvandrarromanen» skaper, som vi sikkert har henta frå idéen om «the great American novel»: Han gir oss ei episk skildring av oppvekst i eit berykta sosio-kulturelt miljø aust i Oslo, og illustrerer korleis klimaet for muslimar i Noreg endra seg etter terroren 11. september 2001. Samstundes skriv han fram noko universelt menneskeleg som folk i alle land kan kjenne seg igjen i.

Komposisjonen er bygd rundt eit enkelt, men effektivt grep: To norsk-pakistanske ungdommar fortel om livet sitt til ein forskar som skal kartleggje kvardagen til unge i Groruddalen. Den skuleflinke Mohammed, til vanleg kalla Mo, skriv e-post. Den meir ressurssvake Jamal snakkar inn på opptakskassettar. Dermed blir stilen deira svært ulik: Mo fortel korrekt, men personleg og nært om eit liv fullstendig dominert av ambisjonane foreldra har på hans vegne. Jamal tøysar, dramatiserer og rappar, i eit språk fullt av slang og grammatiske feil som har blitt markørar for kebabnorsk:

Jeg holdt på å komme på jailern ass. Wallah, jeg sverger. Liksom, for lenge sia jeg har fått sånn brev fra militæret at jeg skal komme på sesjon, men liksom, jeg har loka det helt ass.

Slik teiknar Shakar personane fram gjennom språket, og spesielt det trassige humøret til Jamal er underhaldande og sjarmerande. Mykje av det som skjer i liva deira er omtrent som ein kunne vente: Kolliderande normer heime og ute, møter med skuleverket, muslimsk trusfellesskap og ungdom frå vestkanten. Når Shakar likevel går klar av klisjeane, er det fordi han teiknar fram overtydande personlegdomar som ikkje først og fremst representerer ein bestemt kultur og religion, men er gjenkjennelege på tvers av slike skilje. Samtidig viser dei ulike måtar å takle utanforskap på.

Ghetto-identitet
Mo er ein sånn som går i eitt med veggen og berre kjem til synes kvar gong han får ein ny toppkarakter. Jamal har lærevanskar og ein vanskeleg familiesituasjon, men let seg ikkje dra ned av overdriven grubling; han taklar livet med hip hop, hasj og humør.

Shakar skildrar altså ikkje berre livet som fattig og framandkulturell, men også forskjellen på ein robust og ein skjør psyke, på å ha dominerande foreldre og å styre sitt eige liv, på å adoptere normer som skaper skam fordi ein aldri kan leve opp til dei, eller finne alternative verdiar.

Her ligg nøkkelen til tittelen Tante Ulrikkes vei. Medan Mo rettar ambisjonane og sine romantiske draumar mot den kvite middelklassen, lærer Jamal av hip hop’en; han tar det inn i identiteten å vere «ghetto» og «representere» heimstaden. Slik seier Shakar noko om kvifor skam og ære er viktig for oss alle, noko som også kan gi eit nytt perspektiv på religiøse æreskulturar.

Shakars debutroman er ikkje like sensasjonell som bøkene til svenske andregenerasjons innvandrarar som Jonas Hassen Khemiri og Johannes Anyuru i Sverige, men forteljarevnene hans plasserer han trygt inn i toppsjiktet av norske debutantar.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: