Category Archives: Essays

Radikalt alvor – om det forkynnande i litteraturen

Kva har radikaliserte muslimar, Kate Tempest, Brødet og eselet og den lågkyrkjelege forkynnartradisjonen sams?

Du vet väl om att du är värdefull
Att du är viktig här och nu
Att du är älskad för din egen skull
För ingen annan är som du

Det finns alltför många som vill tala om
Att du bör vara si och så
Gud Fader själv, han accepterar dej ändå
Och det kan du lita på

Du vet väl om att du är värdefull
Att du är viktig här och nu
Att du är älskad för din egen skull
För ingen annan är som du

Du passar in i själva skapelsen
Det finns en uppgift just för dej
Men du är fri att göra vad du vill med den
Säga ja eller nej

Du vet väl om att du är värdefull
Att du är viktig här och nu
Att du är älskad för din egen skull
För ingen annan är som du

Denne svenske dåpssalmen (Psalm 791 av Ingemar Olsson), som mange i Noreg kjenner i Carolas versjon, formidlar aksept og meining av eit slag mange lengtar heile livet etter å oppleve. Fellesskapar som forvaltar slike bodskapar godt, kan difor få stor emosjonell makt over folk – ei makt som kan utnyttast politisk. Samanhengen mellom kjensler, det sjølvbiografiske/verkelege og det politiske i litteraturen har oppteke meg lenge. I det siste har eg også begynt å reflektere over kvifor religionen har hatt – og stadig har – ei så viktig rolle i samfunnet. Eg trur det er fordi religion kommuniserer normative bodskap ekstremt effektivt. Både biletleg og direkte set dei religiøse forteljingane og tradisjonane ord på våre djupaste erfaringar og behov – emosjonelle som kognitive. Verdiane som blir forkynt, er det også venta skal vise seg i handling. «Ei tru utan gjerningar er ei død tru», står det i Jacobs brev i Det nye testamentet.

Litteratur har mykje sams med religion, langt meir enn med til dømes vitskap. Den gir oss også forteljingar som kan gi flukt, trøyst og høve til å tolke sitt eige liv inn i ein større samanheng. Kanskje var religion og litteratur ein gong i tida éit og same fenomen? Litteratur kan òg inspirere til politisk handling, og vi ser alt ein tendens til at forfattarar tek for seg aktuelle, politiske emne. Blir neste steg ein meir direkte forkynnande litteratur?

Radikal appell
Eit tydeleg døme på at religion kan få ei større politisk rolle når solidariteten i storsamfunnet slår sprekkar, ser vi når ungdom blir «radikalisert» gjennom organisert religion. Demian Vitanzas roman Dette livet eller det neste (2017), som formidlar historia til ein norsk, nolevande Syria-farar, gjer det tydeleg at politisk radikale handlingar ikkje berre handlar om rasjonell overtyding, og heller ikkje alltid om tvang og hjernevask. Norsk-pakistanske Tariq opplever i staden ei religiøs «vekking» som mobiliserer sterke kjensler og revitaliserer heile identiteten.

Det var spesielt for meg å lese Vitanzas roman, for sjølv om eg som ung vaksen var så ulik den småkriminelle festløva Tariq som det vel er mogeleg å bli, kjente eg meg igjen i opplevinga hans av religiøs vekking. Som nyinnflytta student i Oslo, vart eg sjølv med i ei karismatisk frikyrkje. Eg var kristen frå før, men den radikale tilnærminga i forkynninga og den omsorga for heile mennesket eg opplevde i den nystarta og sterkt ekspanderande kyrkjelyden, gjorde at eg fekk ei mykje sterkare oppleving av trua. Eg vart oppteken av leve som eg lærte – eller hadde blitt lært.

Les resten av essayet på Littkritikk.no


Jakob Lothe: Etikk i litteratur og film + Kaja Schjerven Mollerin: I denne verden. Om Susan Sontag

Litteratur mellom ord og handling: Eit etisk perspektiv på estetikken viser kor mykje det betyr kven som fortel i eit kunstverk.

Korleis heng estetikk og etikk saman? Både litteraturprofessor Jakob Lothe og litteraturvitar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin har skrive bøker der dette er den sentrale problemstillinga. Lothe fokuserer på tekst- og filmanalyse, Mollerins bok om Susan Sontag er vel så mykje innretta mot spørsmål som famnar breiare: Kva samfunnsrolle skal intellektuelle ha, og korleis blir vi moralske menneske? Begge bøkene er svært leseverdige og gir til saman ei solid plattform for vidare tenking og debatt om kva rolle litteratur, kunst og kritikk kan ha i dette samfunnet som no for tida ser ut til bli postmoderne for alvor.

EIGA OG ANDRES HISTORIE
Tittelen Etikk i litteratur og film viser at Lothe er så pedagogisk at det kan vippe over i det tørre og overtydelege. Som når han til dømes slår fast at «Eget som fortel her, er forteljaren i romanen». Men når eit hovudpoeng er at estetikk i seg sjølv formidlar etiske verdiar, er det avgjerande for den vellukka formidlinga at verkanalysane er lette å følgje.

Sjølv om Lothe tidvis trekkjer inn historisk kontekst, står han i ein nykritisk tradisjon der tolking av kunstverket står i fokus. Lothe er då også narrasjonseksperten i norsk litteraturvitskap, med den mykje brukte læreboka Fiksjon og film. Narrativ teori og analyse på cv-en. Han opererer med klart definerte analyseomgrep, og spesielt skiljet mellom historisk forfattar, implisert forfattar og forteljar er sentralt: Måten forteljaren legg fram ei historie på, kan skilje seg frå dei haldningane verket som heilskap signaliserer, og vi kan ikkje vite om inntrykket vi dannar oss av forfattaren medan vi les, er representativt for den historiske forfattaren. Det er faktisk innsikter som er trua av måten bøkene som ein svært upresist har samla i sekken «røyndomslitteratur», har blitt diskutert på den siste tida.

Les heile essayet i Prosa


Dag Østerberg: Hva Helmer kunne ha sagt til Nora og andre essays

Gleda ved å tenkje: Dei akademisk solide essaya til Dag Østerberg er djupast sett orienterte mot erotikk i vid tyding av ordet: opplevinga av einskap på tvers av skiljet mellom sjølvet og den andre.

Det er ein parallell mellom sanseleg-mystiske opplevingar av transcendens og intellektuell verksemd som ser etter samanhengar; begge delar handlar om erfaringar der det tilsynelatande skilde går opp i ein større samanheng. At dei siste tekstane Dag Østerberg arbeidde med fram til han gjekk bort 22. februar i år, set desse to erfaringsdimensjonane saman, seier kanskje noko om kjernen i livsprosjektet hans. I alle fall viser dei både evna den framståande sosiologen hadde til å formidle argumentasjon basert på kunnskap frå mange felt, og fascinasjonen for det ein kan kalle erotikk i vid forstand.

Det spesielle med artikkelsamlinga er at både kritikk av likskapsfeminismen og lengt etter overskriding meir kjem fram gjennom val av emne enn eksplisitt formulerte påstandar og resonnement. Dei sju artiklane der litteratur, filosofi og samfunnsforsking om kjønn og kvinnesak er gjennomgangstema, er i hovudsak beskrivande. Østerberg gir mellom anna breie innføringar i korleis normer for kjønnsroller og seksualitet har utvikla seg, han tek for seg Sigrid Undsets syn på ulike greiner av kvinnesaksrørsla og Aldous Huxleys erfaringar med kroppslege dimensjonar av filosofisk innsikt. Det kjem klart fram at forfattaren er skeptisk til den retninga likestillingskampen har teke, men eg sit nysgjerrig att: Kva meinte Østerberg eigentleg ville ha vore gode kjønnsroller i den tida og det samfunnet vi no har?

Les resten av meldinga i Prosa.


«Ett evigt, ofullbördat allt»

Eg vil høyre til og eg vil vere fri. I Gunnar Björlings fragmentariske dikt finn eg eit språk som uttrykkjer både framandgjering, fridom og mystisk einskap.

«A zen monk walks up to a hot dog stand and says: Make me one with everything!» Dette er ein av dei få vitsane eg kan, eg høyrde han i ein film eg tilfeldigvis zappa innom for nokre år sidan, og som eg ikkje hugsar meir av enn det triste fjeset til Nicolas Cage og ein 40-årskrisebil i eit tørt, brunt landskap. Eg likte stilkrasjet i ordspelet (pølse med brød, lompe, ketsjup, sennep, sylteagurk, rå løk, sprøsteikt løk og rekesalat = mystisk einskap med universet), men kanskje festa akkurat denne vitsen seg fordi han spelar på noko av det djupaste i meg: At eg vil høyre til, høyre med, høyre saman. Og ikkje berre det, eg vil at verda skal henge saman; gi meining. Men som oftast gir ikkje verda meining, i staden ser verda ut til å bli meir og meir av ein kaotisk maktkamp mellom stemmer og påstandar.

I det siste synes eg at også samtidslitteraturen har blitt meir fragmentarisk og fleirstemmig: I BLA nr. 7/2017 skreiv eg at skjønnlitterære tekstar skrivne av unge, norske forfattarar ofte er sett saman av forteljingsbrokkar og litterære uttrykk frå fleire sjangrar. Dermed blir plutseleg ein del av utdanninga eg tok i førre årtusen relevant igjen – kven kunne vel ha ant at det skulle skje! Arbeidet med hovudoppgåva i litteraturvitskap om Gunnar Björlings fragmentariske poesi påverka meg sterkt, difor er dette eit essay ikkje berre om korleis ein kan tolke fragmentarisk litteratur, men om mine eigne forsøk på å få tankane, kjenslene og livet til å henge saman.

Björlings «Ja!»
Det fragmentariske er ei litterær form som både har oppstått gjennom lesing av ufullstendige restar av antikke manuskript og som eigen litterær sjanger med lang tradisjon (eit aktuelt døme er Lars Noréns Fragment, som nyleg kom ut i norsk gjendikting av Steinar Opstad). I og med Renessansen, kor interessa for kunst og litteratur frå Antikken blomstra opp, har ei fragmentarisk form blitt assosiert med opprør mot det kristne verdsbiletet kor alt som lever og alt som skjer skal passe inn i ei total og evig, guddommeleg meining. Men etter at både Romantikken, Modernismen og Postmodernismen har rulla over oss, er det lite igjen av ein slik dogmatisk tankegang om sanning og meining. Korleis skal ein lese det fragmentariske i dag?

Finlandssvenske Gunnar Björling (1887-1960) skreiv innanfor eit modernistisk paradigme, og var sterkt påverka av både Dadaismen som kunstnarleg program og Relativismen innanfor moralfilosofien. Det fragmentariske uttrykket vi finn i dikta og aforismane hans kan tolkast på fleire måtar: Som uttrykk for ein bestemt filosofi, som uttrykk for grensesprengande erfaringar som ikkje let seg fange i språk eller som uttrykk for depresjon og mangel på meining. Men dei ulike tolkingane utelukkar ikkje kvarandre. Kanskje er det også slik at det finst ein indre samanheng mellom desse ulike erfaringane og det filosofiske grunnarbeidet?

Dette er starten på eit lengre essay som stod på trykk i BLA nr. 9/2017. Les resten her.


Inger Christensen: Hemmelighetstilstanden

Einsame substantiv og eigenrådige verb: Inger Christensen lar ord leike med ord og utfordrar konvensjonelle tenkjemåtar med filosofisk økoperspektiv.

Er kunst ei like naturlege uttrykksform for mennesket som lerkesong for lerkefuglen? Korleis kan diktaren oppleve «tilfeldighetenes ordnende virkning»? Kan jorda tilgi oss? Nyomsette essays av Inger Christensen stiller spørsmåla få har tenkt på å stille, og gir gode svar.

Danske Inger Christensen (1935–2009) er vidgjeten og elska, aller mest for diktsamlingane Alfabet (1981) og Sommerfugledalen (1991). Hemmelighetstilstanden kom ut i 2000 som hennar siste bok, ei samling av tekstar skrivne for ulike publikasjonar i perioden 1989 til 1994. Tematisk kretsar dei om ein akse som går frå metarefleksjon om eiga skriving via språkfilosofien mot vidare filosofiske refleksjonar om tid og stad. Men mest oppteken er forfattaren av poesien som ei erkjenningsform som vil uttrykkje det uendelege og tilfeldige ved livet – det som aldri heilt let seg fange.

Økologisk medvit
Også i form er dette ei samling som snarare går i spiral enn framover: Tekstane er ikkje ordna kronologisk, og fleire formuleringar og poeng er brukt fleire gongar. Til dømes finst Novalis-sitatet som tittelen på essaysamlinga er henta frå, i tre av tekstane: «Den ytre verden er en til hemmelighetstilstand oppløftet indre verden.» Denne uventa tanken, at det ikkje er den indre, men den ytre verden som representerer løyndomen, heng for Christensen nært saman med eit problem både poeten og andre som prøvar å skjøne samanhengane i verda støyter på: Vi er sjølv del av det vi prøvar å skjøne, og kan aldri sjå det utanfrå. Men det er òg ein sentral tanke at det ytre og det indre alltid heng saman i ei evig utveksling.

To aspekt ved tekstane er spesielt interessante, både fordi dei er sentrale i Christensens poesi og fordi dei høyrer naturleg saman i det synet på verda ho presenterer. Det eine er økoperspektivet.

Gjennom alle tekstane – som òg inkluderer eit dikt om døden – er Christensen oppteken av korleis alle aspekt av liv heng saman. Ho er spesielt oppteken av at skiljet mellom natur og kultur og synet på natur som økonomisk ressurs kan skape «en helt annen type fattigdom. En nådeløs verden.» Menneskeleg aktivitet har berre i løpet av nokre tusen år sett eit ein natur som er utvikla gjennom millionar av år, i fare.

Det undrar meg at omsetjar Camilla Groth i etterordet finn det naudsynt å slå fast at «Den underliggende øko-bevisstheten hennes er aldri påtrengende eller eksplisitt politisk, til det er essayene altfor dyptloddende.» Kor mykje økomedvit er påtrengjande? Og er ikkje ein påstand om at vi er i ferd med å øydeleggje livsgrunnlaget vårt eksplisitt politisk? Det er økomedvitet som meir enn noko anna gjer at Christensens tekstar er like relevante no som då dei vart skrivne.

Etterordet kunne godt ha fokusert meir på fakta enn på oppsummering av essaya. Men omsetjinga er fin. Eg stussa berre over éi setning med merkeleg bruk av den upresise formuleringa «i forhold til».

Verda i tal
Det andre spesielt interessante aspektet i boka er det Christensen skriv om tal som symbolsk orden. I essayet «Som øyet som ikke kan se sin egen netthinne» skriv ho at tal representerer strukturane verda er bygd av, medan ord representerer fenomena. Poesien nærmar seg talverda når ord blir brukt besvergande og rytmisk, og gjennom komposisjon, slik til dømes strukturen i Alfabet er inspirert av Fibonaccis talrekkje. Konklusjonen ho dreg er briljant: «Hvis tallene danner grunnstrukturen i et språklig verk (…), vil de uten videre opptre som en speiling av den sammenhengen språket ikke kan nå.»

Christensen har ein unik kombinasjon av brei kunnskap, sterk refleksjonsevne og språkøyre. Sjølv om ho skriv om mange former for erkjenning, viser ho at potensialet til å sameine erkjenning frå så mange dimensjonar særmerkjer poesien. Det finaste i heile boka er leiken med ord som også blir analyser: «Silke er et substantiv. Alle substantiver er svært ensomme.»

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.


Rebecca Solnit: Menn forklarer meg ting

Fengslande ord, frigjerande fantasi: Rebecca Solnit viser at kvinnekamp er kamp om definisjonsmakt. Men der definisjonane blir for tronge, kan kunsten opne nye perspektiv.

Rebecca Solnit er den amerikanske, radikale og feministiske essayisten som har gitt opphav til termen «mansplaining»: At ein viss type menn tar det for gitt at det er deira oppgåve i livet å forklare andre, og då spesielt kvinner, korleis verda henga saman. Det starta med anekdoten om ein mann som belærte Solnit om ei viktig bok ho absolutt måtte lese: Ho kom ikkje til orde lenge nok til å få sagt at det var ho som hadde skrive boka.

Tittelessayet i samlinga Menn forklarer meg ting frå 2008 brukar dette som utgangspunkt for å skildre ein kulturell situasjon kor kvinner må kjempe seg gjennom ein mur av mistru til deira faglege kompetanse, mentale helse og truverd. Solnit drar linja frå dei meir subtile hersketeknikkane til seksuell trakassering og grov vald, og utdjupar med fleire vinklingar i dei følgjande essaya.

Hakkeorden
Solnit gjer ein viktig og god jobb med å presentere fakta og vise samanhengar på ein velformulert og medvitsskapande måte, men spesielt i dei tidlege essaya fører ho ikkje resonnementa langt nok. Ho har ein tendens til å la alt peike i retning av ein spesifikt mannleg mentalitet, og det er det vanskeleg å godta når ein har levd eit norsk, sosialdemokratisk likestilt liv fullt av ansvarlege og omsorgsfulle menn.

Samstundes har eg også sett kva sterk konkurransementalitet gjer med ulike fagmiljø; der lever dei primitive maktmekanismane ofte godt i dekkje av politisk korrekt retorikk. Det Solnit kallar «Kassandra-syndromet» er ho heller ikkje aleine om å ha observert. Siri Hustvedt skriv i romanen Denne flammende verden (2015) også om at kvinner som har prøvd å hevde seg mot menn gjennom historia har blitt avskrivne som gale, manipulerande og uærlege av natur.

Slikt er det vanskeleg å sjå som anna enn nyttige fordommar mot dei som er annleis enn ein sjølv. Men når det gjeld vald mot kvinner, trur eg  forklaringsmodellar som ser kjønn i ein større sosioøkonomisk kontekst er naudsynte om ein vil skape forandring.

I nokre essays koplar Solnit kjønnsdiskriminering til global urettferd, men utan å eigentleg seie noko om mogelege årsakssamanhengar. Først mot slutten kjem ho flyktig inn på perspektiva eg saknar, nemleg korleis «status quo er nedbrytende også for menn».

Eg er overtydd om at så lenge samfunn er organiserte på måtar som skaper statusangst i stor skala, vil frustrasjonen slå «nedover» i hakkeordenen mot dei som står svakast fysisk og sosialt. Det rammar også menn, men flest kvinner og barn. Men menn øvst i hierarkiet praktiserer også kvinneforakt, viser Solnit. Ser vi til USA akkurat no er det lett å gå ut frå at det er fordi skruppellause menn med trong til å dominere lettast når toppen i individualistiske, konkurranseprega samfunn.

Ei open framtid
Det beste essayet i samlinga er «Woolfs mørke». Lesinga av Virginia Woolf tilfører Solnits i utgangspunktet noko kampanjeprega skrivestil nyansar og openheit, og denne vidare tilnærminga til spørsmål om frigjering er i seg sjølv frigjerande: Når ein toler å leve med det usikre og det ukjende, kan det opne fantasien for frigjerande tankar med kime til opprør. Det er også ein god porsjon håp i påstanden om at framtida kan bli heilt annleis enn vi trur fordi «det usannsynlige og uforutsigbare inntreffer nokså regelmessig».

Essayet blir slik ein potensielt sjølvkritisk korreks til all politisk idealisme; det gjeld å skape merksemd om reelle problem utan å skape skiljeliner som ekskluderer mogelege allierte. Vi må halde samtalen open, ikkje kjempe om å få siste ord!

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.


Bjarte Breiteig: Den andre viljen

Tru, vilje og intuisjon: Bjarte Breiteigs essaysamling er ujamn, men dei nyskrivne essaya er verkeleg gode.

I litterære kretsar hissar folk seg gjerne opp over rare ting, som essaysjangeren. I fjor haust vart det rabalder då sakprosaforfattar Morten Strøksnes kritiserte norsk essayistikk for å berre bry seg med litteratur og ikkje med den verkelege verda. Dermed fall skuggen av det kvite elfenbeinstårnet igjen tungt på kritikarar og forfattarar som likar å tenkje på seg sjølv som samfunnsengasjerte.

Eg høyrer sjølv til blant dei som meiner at litteraturen har, og bør ha, ein funksjon i det verkelege livet. Men poenget er jo at litteraturen hjelper oss å reflektere rundt nettopp det det er vanskeleg å tenkje klart om, men som likevel påverkar oss sterkt: Fordommar, verdiar, kjensler.

Bjarte Breiteig har heilt sidan debuten i 1998 hatt ry som ein kresen forfattar i dobbel forstand; før denne samlinga har det blitt berre tre novellesamlingar og ein roman. Denne samlinga av essay skrivne dei siste 18 åra gjer det tydeleg at han plasserer seg trygt i den metalitterære essaytradisjonen: Her handlar det om litteratur, film, kunst og hans eigne erfaringar som forfattar.

Intuisjon og intensjon
Høgdepunktet er essayet «Min tro, eller: Viljen i teksten». Her skildrar Breiteig ei langvarig skrivesperre som førte han ut i ei personleg krise. Han vever saman sterke skildringar frå eige liv, døme på ein skriveprosess som køyrer seg fast og referansar til film av Andrej Tarkovskij. Det munnar ut i innsikt om at det å halde ut den lammande tvilen er naudsynt for å kome i kontakt med det han i boktittelen kallar Den andre viljen; kjensla av at noko i teksten dreg mot noko anna og meir enn han sjølv har medvite kontroll over.

Breiteig er med andre ord ein utprega intuitiv forfattar. Og som til dømes Virginia Woolf, Jon Fosse og Steinar Opstad, hevdar han at «det ofte (er) et dårlig utgangspunkt når en forfatter har en på forhånd definert mening eller holdning (…) som han vil innprente leseren gjennom teksten.» Eg har etter kvart begynt å oppfatte slike utsegner mest som uttrykk for kor forfattaren sjølv har styrken sin; eg trur ikkje lenger at det fins ein måte å skrive god litteratur på – nokre blir gode fordi dei har sterke overtydingar og analytiske evner.

Det er også noko ironisk i at ei bok med litterære lesingar blir opna med ein poetikk som legg vekt på at «Det er gjennom sin uforklarlighet at (litteraturen) sier noe sant om vår eksistens». Teksten er frå 1998, og påstanden dukkar opp i ulike variantar som konklusjon på dei følgjande forsøka på å utleggje skrifta. I essayet om Tarjei Vesaas endar ei fin lesing i påstanden at det er reduserande å lese Isslottet som symbol på noko, medan sjølve tolkingsforsøket blir «litteraturens eget isslott». Slik levandegjer også litterære essay paradokset.

Vegen frå Ulven til Ulven
Om ein drar opp ein litterær akse frå resonnerande til forteljande essayistikk, er Breiteig sterkast på det siste. Lesinga av Tarjei Vesaas og samtalen med Øyvind Ellenes om Kjell Askildsen er gode, men tørre. Å gjere ei littærer analyse til levande litteratur krev ein annan type retorisk evne, noko essaya til Henning Hagerup demonstrerer. Heldigvis er essayet om Laila Stien frå 2012 mindre prega av litteraturteorien, og dei nyskrive essaya har eit heilt anna liv i seg.

I det siste essayet skildrar Breiteig korleis han har gått frå å vere ein ung, sjølvhøgtideleg Ulven-lesar til å bli ein vanleg familiemann som, etter å ha kjent både meiningsløyse og frykt for døden på kroppen, kjenner motvilje mot det tyngjande svartsynet. Samstundes ser han at rørsla i hans eige liv frå det abstrakte til det konkrete også fins i det tilsynelatande upersonlege hos Ulven. Her smeltar den litterære kompetansen og forteljeevna saman på ein veldig fin måte.

Ei samling med berre nyskrivne essay ville nok gitt ein sterkare totalitet, men det er også mykje å hente i å følgje Breiteig heile vegen på hans personlege reise frå Tor Ulven til Tor Ulven.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid 22.04.2016


Henning Hagerup: Metafysisk skrapjern

Ein fugl i kunnskapens tre: Henning Hagerup er eit ideal å strekke seg etter som litteraturkritikar. Men kan lauvverket av lærde referansar også bli ein gøymestad?

Då poet og barnebokforfattar Gro Dahle for nokre år sidan heldt skrivekurs for kritikarar, skilde ho mellom to perspektiv ein kunne ta: ørn eller frosk. Enten vurdere frå eit punkt med full oversikt over litteraturfeltet og eksisterande hierarki eller gå inn i boka slik ein frosk hoppar i dammen, og vurdere opplevinga. Sjølvsagt vekslar alle litterære lesingar mellom nærlesing og kontekstualisering, intuisjon og analyse. Men biletet har noko for seg; når eg no skal vurdere Henning Hagerups bok, som samlar essay skrivne i løpet av dei siste 15 åra, er det frosken som skriv om ørna.

Henning Hagerup har lang fartstid som litteraturkritikar, mest i tidsskrift som Vagant og Vinduet, og viser ein enorm kunnskap om litteratur. I tillegg er han omsetjar frå fleire europeiske språk og nyttar flittig etymologiske utgreiingar i tolkingsarbeidet. At Hagerup har rykte som den beste essayisten i kritikarstanden, kjem nok av at han med ein lett og underhaldande penn lar lesaren dele dette allvitande perspektivet. Poengtert bruk av litterære referansar gir autoritet til vurderingane, også indirekte som demonstrasjon av vidd: «Mens Baudelaires erklærte program i Les Fleurs du mal var å lage gull av gjørme, finnes det nok av gjendiktere som har reversert prosessen.»

Sitatet er henta frå essayet «‘Som feiere til støvet gå’. Gjendikting – oversettelse – imitasjon – destruksjon». Her kjem Hagerups store kjennskap til poesi, omsetjingar og omsetjingsteori verkeleg til sin rett, både i problematiseringa av den særnorske distinksjonen mellom gjendikting og omsetjing og når han gjer greie for ulike syn på kva form for truskap til originalteksten gjendiktaren skal leggje mest vekt på: til ordlyden, stemninga eller meiningsinnhaldet? Hagerup er her på sitt mest tydelege og underhaldande, spesielt når han hissar seg opp over dårlege gjendiktingar i nedstøva riksmål frå Thorleif Dahls Kulturbibliotek. Dette er eit essay alle som bryr seg om poesi og omsetjing, bør få med seg!

Kommentariatkameratane
Det lengste essayet i samlinga, «Mellom Tu Fu og Wordsworth», er også ei oppvisning i kunnskapsformidlande essayistikk. Laga av kommentarverksemd i starten er likevel for dei spesielt interesserte: I ei nyskriven innleiing forklarer Hagerup situasjonen essayet vart skrive inn i, og at alle omtalte er flinke folk han har stor respekt for. I originalteksten tar han utgangspunkt i Øyvind Bergs kritikk av Georg Johannesens gjendiktingar av Tu Fu, og korleis dei kan ha vore påverka av at Johannesen også hadde omsett Bertolt Brecht, og av ei propagandaprega framstilling av Tu Fu som verserte i DDR. Framhaldet er ein polemikk mot korleis Berg, Johannesen, kritikar Susanne Christensen og poet Gunnar Wærness alle har nytta ordet «romantisk» som skjellsord. Argumentasjonen for at eg-fokuset i romantikken ikkje berre handlar om føleri, men også inneber ei radikalisering av «jegets forhold til samfunnet», er eit forsvar for og ei nyansering av synet på romantikken som litteraturhistorisk epoke. Det er svært interessant, også fordi ein anar konturane av Hagerup som estetikar og opprørar.

Dette er starten på ein lengre tekst skriven for Prosa. Les resten her.


Statusoppgradering

Papirboka er ikkje lenger først og fremst ein kommunikasjonskanal, ho har blitt ein gåveartikkel og eit statussymbol. Ikkje minst for den som har namnet sitt på omslaget.

Mann er manns gaman, står det i Håvamål. Helvetet er dei andre, skreiv Jean-Paul Sartre. Til saman gir sitata uttrykk for den lett klaustrofobiske realiteten: Vi er alle grunnleggjande sosiale vesen, nesten like avhengige av andre menneske som av luft, vatn, mat og varme. Den rolla sosiale medium har fått i kvardagen dei siste åra, har blitt eit nytt uttrykk for dette, og for meg har «statusoppdatering», det mest nytta omgrepet for meldingar til verda leverte på Facebook, fått ei ironisk dobbeltyding ettersom profilen vår i sosiale medium, og kor stor gjennomslagskraft vi får der, er så nær knytt til sosial status.

Det har blitt vanleg at dei som lukkast aller best på blogg, Twitter og Facebook får ytringar derfrå publiserte i bokform. Men kva er reell nyskaping, og kva er gamal vin i nye skinnsekkar? Har utviklinga gjort at sosial status pregar inngangen til bokheimen endå meir enn før? Den følgjande teksten kan innehalde spor av sosial angst og paranoide vrangførestillingar.

SOSIALT KJØNN
Det seier seg sjølv at om ein skal få utgitt ei bok basert på tekstar publiserte i sosiale medium, må ein ha nådd mange lesarar, eventuelt dei rette få. Spørsmålet er difor kva som skaper populariteten, og om det er ulikt for menn og kvinner. Ein kan jo få det bestemte inntrykket at kvinner må vere vakre, stereotypt kvinnelege eller alvorleg sjuke, medan menn må vere vittige eller ha sosial status frå før.

Kvinner dominerer bloggmediet med bloggar om mote, sminke, matlaging, innreiing, bøker og livet som mamma. Men ingen regel utan unntak, ein dag tidleg i november er bloggen Pappahjerte rangert som den mest populære: sjølvironisk om livet som småbarnsfar. Altså same oppskrift som Karl Ove Knausgård: Gjer det kvinner har gjort lenge, og som har vore uglesett fordi det er klamt og privat, og få kjempesuksess!

Det skal forundre meg mykje om ikkje størstedelen av publikumet til den openhjartige bloggarpappaen er kvinner, for kvinner er spesielt aktive blogglesarar, flinke til å gi kvarandre – og menn – gode tilbakemeldingar. Denne opninga for sosial interaksjon og opplevinga av å delta i ein fellesskap trur eg har mykje av æra for at kommunikasjonsplattforma når så mange. Er det også slik at menn i større grad nyttar sosiale medium til å promotere seg sjølve og utvalde vener, medan kvinner er rausare? Og er det berre fordi vi er snillare og meir empatiske, eller kan det vere eit motiv at vi vil heve vår sosiale status ved å skape band mellom oss sjølve og folk vi beundrar?

Det er i så fall aktivitet med ei viss fallhøgd, og om du lukkast eller ikkje, kan bli ei realitetsorientering om kor sosialt attraktiv du er. Sjølv om «likes» og støtteerklæringar blømer på nettet som aldri før, har vel nivået av utveksla ukvemsord heller aldri før vore så høgt i den offentlege – og deloffentlege – samtalen.

Som Kjetil Røed har påpeika i boka Dislike, er Facebook like mykje eit antropologisk som eit teknologisk eksperiment. Litt hjelp til å tolke det som skjer der, kan vi få frå eit omgrepspar lansert av den amerikanske psykologiforskaren Elaine Aron: «Ranking» (på norsk «rangering») og «linking» («kopling»). Rangering inneber ei vurdering av om den vi møter, står over eller under oss i det sosiale hierarkiet, kopling handlar om å knyte sosiale band basert på gjensidig velvilje og omsorg. Dei to prosessane skjer parallelt og påverkar alle sosiale relasjonar. Det er definitivt sunnast for psyken å fokusere på kopling og slik byggje opp både seg sjølv og andre sosialt, men den brutale sanninga er at ingen er interessert i å knyte band til kven som helst. Også vårt sosiale liv er i stor grad styrt av lynkjappe «cost–benefit»-analysar.

«Likes» er ein vulgært forenkla versjon av slike sosiale prosessar, men like fullt uttrykk for noko høgst reelt. Det er difor ikkje rart at mange nøler med å ytre seg på Facebook, og då spesielt i dei yngre generasjonane: Dei er redde for å ikkje få mange nok oppovervende tomlar. Resultatet blir at dei som har høg sosial status frå før, i større grad enn andre tør å vere synlege i sosiale medium, medan andre nøyer seg med observatørrolla og knapt nok vågar å kommentere. Blant dei som brukar nettet aktivt, vil dei som lukkast aller best, kunne oppnå eit av dei mest handgripelege teikna på sosial verdi: å få utgitt ei papirbok.

Les resten av essayet i Prosa.


Marguerite Duras: Å skrive

Ord fødde av einsemd: Å skrive er ein vakker poetikk der både livet og formuleringsevna til Marguerite Duras gir kvart ord enorm vekt.

Å skrive er eit essay som gjennom aforismar, skildringar og refleksjonar sirklar inn kva det å skrive var for Marguerite Duras. Essayet var opprinneleg del av ei større bok med same tittel, men er utgjeve separat på norsk fordi omsetjar Silje Aa. Fagerlund meinar teksten står godt aleine som poetikk. Det er eg samd i.

Essayet er berre 40 sider langt, noko som gjer det både mogeleg og naudsynt å lese teksten fleire gongar, og er prega av at skribenten er ei eldre kvinne med eit innhaldsrikt liv og ei lang forfattarkarriere bak seg. Det gir kvar setning enorm vekt, sjølv formuleringar som kan verke enkle nok, og Duras seier det rett ut: «Det har tatt meg tyve år å skrive det jeg nettopp sa nå.»

Eit eige hus
Også det ho har lese kling med, som når ho skriv: «Man finner ikke ensomheten, man skaper den (…) Jeg var alene i dette huset (…) Huset ble et skrivingens hus.» Då er vegen kort til Virginia Woolfs innsikter om materielle føresetnader for å skrive slik ho skildrar dette i Et eget rom, som ifølgje Fagerlunds gode etterord var ei av dei viktige bøkene for Duras.

Det mykje omtala huset kjøpte ho etter suksessen med utgjevinga og filmatiseringa av den sjølvbiografiske romanen Elskeren. Ho budde der aleine i ti år og skreiv då mellom anna romanane Lol Valérie Stein og Le Vice-consul. Sistnemnde er mykje omtala i teksten, truleg fordi romanen inneheld element som er sentrale også i poetikken hennar: Urettferda, galskapen, kjærleiken og døden, kort sagt «den dype sorg og banale sannhet som gjelder i alle sinn».

Men først og sist ser skriving ut til å handle om einsemd for Duras: «Ensomhet er det man må ha for å kunne gjøre noe (…) Det er en måte å tenke på, resonnere». Ho var jo ein veletablert forfattar på denne tida, likevel skriv Duras at ho måtte vere aleine for å skrive «bøker som ennå var ukjente for meg». Og om skrivinga av Le Vice-consul seier ho: «den aller minste innblanding i boken, eller selv den minste «objektive» mening, ville kunne utslette den». Det handlar altså om det fokuset ho som kunstnar trong for å opne skrifta si for det nye og ukjende.

Fransk filosofi
Den poetikken Duras skisserar opp, er prega av det franske, litterære miljøet ho vanka i. For meg er det slektskapen med filosof og forfattar Maurice Blanchot som blir tydelegast, han er også nemd i boka. Når ho skriv «En bok, det er det ukjente, det er natten, det er lukket, slik er det», så er det Blanchots omgrep om «den andre natta» eg assosierer til, denne tilstanden kor ein ikkje kan sove og ikkje handle, kor viljen er død og ein difor er nagla til eksistensen. Som hos Blanchot kan skrivinga også hos Duras verke som både eit alternativ til sjølvmordet og eit sjølvmord i seg sjølv: «det å si til seg selv at man ikke trenger å ta livet av seg hver dag, når man jo kan ta livet av seg hver dag».

For det er mykje smerte hos Duras. Ho er kjend som erotisk forfattar, og kanskje er det då heilt naturleg at vegen i skrifta hennar er like kort til einsemda, smerta og alkoholismen som til nytinga. Og det handlar ikkje berre om den personlege smerta, Duras hadde fortid som kommunist og oppveksten i kolonien Indokina hadde gjort henne medviten om «alle verdens folkeslags forestilte, forferdelige skrik». Og når ho skriv om døden, inkluderer ho den døden ingen bryr seg om; ho observerer og skildrar dødskampen til ei fluge. Dermed viser ho korleis alt ho ser er potensiell meining: «Alt rundt oss skriver».

Smerte og humor
Men teksten er ikkje berre smerte, her kan ein også glede seg over konsise formuleringar, dyrekjøpt erfaring og glimt av humor: «Jeg har aldri løyet i en bok. Ikke engang i livet mitt. Bortsett fra til menn. Aldri.» Og då er det jo naturleg, ved hundreårsjubileumet for Duras fødsel, å nemne kor viktig ho har vore for seinare kvinnelege forfattarar. Blant dei store, norske er Vigdis Hjorth og Hanne Ørstavik. Sistnemnde skriv nydeleg i siste nummer av Vinduet om kva Duras roman Emily L. har betydd for henne, og ikkje veit eg om nokon har påpeika slektskapen mellom dei to før, men når eg les Duras no, er det i alle fall svært tydeleg.

Duras gir ikkje noko eintydig svar på kvifor ho skriv, eller korleis ein skal skrive, det kokar ned til at ho skrive, sjølv om det ho gjennom skrivinga strekk seg etter er uoppnåeleg. Likevel kjennest dette viktig. Til dels fordi ho kjem med interessante påstander, som: «Menn tåler det ikke: en kvinne som skriver.» Men også fordi ho skildrar korleis einsemd og angst er naudsynte delar av den kreative prosessen, naturlege kjensler ein både kan og må tåle om ein vil nærme seg dei viktige og vanskelege sanningane.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.